Gjemnes historie- og museumslag
Gjemnes historie- og museumslag er ein interesseorganisasjon som har til oppgåve å stø opp om, og fremje historie- og museumsarbeid i kommunen. I tillegg til å skape aktivitet kring musea våre, er laget med på å arrangere faglege samlingar, bygdavandringar og andre arrangement for å fremma interessa for historie-, museumsarbeid og kulturvern.
Gjemnes-minne
Gjemnes-minne er eit årsskrift utgjeve av kulturkontoret med lokalhistorisk stoff frå kommunen. Tidsskriftet har årleg kome ut sidan 1978.
Bildearkiv
Kommunen har eit bildearkiv på til saman ca. 1100 bilder som er digitalisert saman med opplysningar knyta til kvart bilde. Bilde frå arkivet kan nyttast til bygdabøker, historiske tidsskrift og utstillingar m.m. Ta kontakt med kulturkontoret for meir informasjon.
For meir informasjon kontakt museumsformidlar Ingvild Ruland på telefon 91 30 90 78 eller kulturleiar Olav Nilssen på telefon 71 29 11 11.